Personskildringar:
1) Harry Hole er hovudpersonen i boka. Han er førstebetjent ved Voldsavsnittet i Oslo, i førtiåra og har problem med alkohol.
”(…)November. Harry tenkte at de definitivt var på vei inn i mørketiden.(…) Så seg i speilet. November der også; dratt, gråblekt og overskyet. Øynene var som vanlig blodskutte, og porene i huden på nesen store og svarte krater. Posene under øynene med de lyseblå, alkoholvaskede irisene ville forsvinne etter at ansiktet hadde fått varmt vann, et håndkle og frokost. Antok han da(...).
Dette er byrjinga på den første skildringa av han og er med på å skape eit ganske dårleg førsteinntrykk av han: Her blir han skildra litt etter som han ser på seg sjølve; som ein trøtt og utsliten, og ikkje spesielt pen mann.
(…)Harry var usikker på nøyaktig hvordan ansiktet hans ville te seg utover dagen nå da han var blitt førti. Om rynkene ble glattet ut og om det falt fred over det jagede ansiktsuttrykket han opp med etter netter da marene hadde ridd ham. Som var de fleste nettene. For han unngikk speil når han først hadde gått fra den lille spartanske leiligheten sin i Sofies gate for å bli førstebetjent Hole ved Voldsavsnittet på Politihuset i Oslo. Da stirret han inn i andres ansikter for å finne deres smerte og deres akilleshæl, deres marer, motiver og grunner til selvbedrag mens han lyttet til deres trettende løgner og prøvde å finne en mening i det de gjorde: å sperre inne mennesker som for lengst var innesperret i seg selv. I fengsler av hat og en selvforakt han kjente så altfor godt igjen.(…)
Denne delen av skildringa visar til at han er ein som har mye å tenkje på, og at han slit. På jobben held han ei fasade, men kollegaene kjenner han godt nok til at å vete om problema hans med alkohol. Han er ein vaklevoren person når det gjeld humør, fordi han lett blir påverka av det som skjer rundt han. Ei kanskje smerteleg visse (eller letnad) for han, er at grunnen til at han framleis jobbar i politiet er fordi han er den beste politimannen deira tross alt.
Utover boka får ein inntrykk av at han er litt som ein som har mista alt med bare jobben som siste haldepunkt. Han har alltid satt jobben først, og det har blant anna ført til at han har mista forholdet han hadde til ei som heiter Rakel. Han treffer ho framleis, men saknar ho og sonen hennar Oleg. Han samanliknar på ein måte seg sjølve med dei han set i bur, innesperra med sjølvforakt for seg sjølve.
Dette med Rakel og Oleg visar ei myk side av han. Til Oleg har han eit spesielt forhold til fordi han er ein av de få guten har knytte seg skikkelig til. Eit anna eksempel på denne gode sia, er ei beskriving gjort av ein liten gut: "Den stygge mannen med de snille øynene". Men tross motgangen er han ein sterk person som ikkje bukkar under for mareritta og motgangen han har. For kollegaene er han ein sterk leder, bestemt (på godt og vondt), og smart; flink til å forstå samanhengar og løyse konfliktar.
Nokon bipersonar er Rakel og Katrine Bratt.
2) Rakel er gamlekjærasten til Harry. Ho er framleis glad i han, men er blitt saman med ein som heitar Mathias. Han er lege, og verkar tryggare for ho enn Harry. Ho bor åleine med sonen Oleg.
3) Katrine Bratt er ein ny kollega frå Bergen. Ho beskrives som ei ung og flott dame med sterk og bestemt personlegdom. Kanskje for sta, med ei ukjent fortid. Ho er til stor hjelp i etterforskinga, men ho blir problem når ho mister kontrollen og Harry etter kvart skjønar kvifor ho verkeleg er komen til Oslo.
Miljøskildring
Handlinga vekslar mellom Oslo, byar rundt hovudstaden og Bergen. Hendingane skjer i tidsrommet frå 1980 til 2004 og vekslar mellom relativt aude stader til byar. Dette har noko med etterforskinga å gjere, men stadene hendingane skjer på er viktige i den forstand at dei fungerer som ein viktig bakgrunn for hendingane, og gjer skildringane rundt hendingane meir spennande. Felles for dei fleste hendingane i boka er at dei skjer på vinteren, i november når snøen kjem.
Eksempel på miljøskildring:
”Det var den dagen snøen kom. Klokka var elleve på formiddagen da digre snøflak uten forvarsel kom ut av en fargeløs himmel og som en armada fra det ytre rom underla seg hagene, jordene og plenene på Romerike. Klokka to var brøytebilene i aksjon på Lillestrøm, og da Sara Kvindesland klokka halv tre sakte og forsiktig styrte sin Toyota Corolla SR5 mellom villaene i Kolloveien, lå novembersnøen som en dundyne over det bølgete landskapet.”