…er ei bok som gir deg lyst til å lese vidare. Det ei bok som klarar å røre deg med historia si, ei bok du bare kan fordjupe deg i, og som gir deg ein følelse av å ha gitt deg noko når du er ferdig med ho. Eg meiner innhaldet bør vere meiningsfylt eller spennande for å få meg til å ville fortsette å lese i ei bok.
Eg har lese ei krimbok, og dei er ikkje bøker som ein nødvendigvis får noko igjen for å ha lese. Slik sett er dei meir underhaldande. Det eg likar med slike bøker er at dei får meg til å tenkje og at de plar å lære meg nye ting. Litt og litt blir avdekka og ein må rett og slett bare fortsette å lese for å få med seg kva som vil skje og få vete kva løysninga på saka er.
”Snømannen” var ei slik bok, ho var skummel og spennande, og klarte å få meg engasjert. Eg skjønar kvifor den har fått såpass gode kritikkar! Forfattaren har vore flink til å skildre personar, miljø og hendingane og innhaldet var bra byggja opp. Anbefalast viss du likar krim J.