Tema:
Det er mange tema i denne boka: Krim, kjærleik, bedrag og død er nokon av dei. Men eg trur eit av dei viktigaste temaa i ”Snømannen” er bedrag. Dette er fordi mykje av det som skjer i boka er konsekvensar av lygn, eller bedrag.
Harry finn ein samanheng mellom fleire sakar frå eit tidsrom på tjue år der kvinner har forsvunne og blitt funne drepne. Dette gjer at han kjem på sporet av ein massemordar. Det visar seg at mordaren drep kvinner som har vore utru mot mennene sine, og dette skjer fordi han sjølv som barn vaks opp og fann ut at den han trudde var faren hans, ikkje var det. Han har sidan då bore med seg eit sinne, og vil hemne seg.
Bedrag er òg grunnen til at Katrine Bratt kjem til Oslo for å begynne å jobbe der, men ho er ikkje den ho har gjeven seg ut for å vere.
Bodskap:
Eit bodskap i denne boka er at alt ikkje er som ein kanskje trur. Eit døme er barna i boka som ikkje er klar over at den dei trur er faren deira ikkje er det. Eit anna døme er at mordaren til slutt visar seg òg å vere ein tilbakehalden og sjenert mann ingen ville trudd var den skuldige.
Boka byrjar og slutar med hus som får besøk av ein mann som inspiserer hus for muggsopp. Han finn sopp begge stadane, men eigarane av huset har ikkje vore klar over at det har vore der. Dette trur eg er ein samanlikning til bodskapen at ”alt er ikkje som ein trur det er”.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar